Alle som ønskjer å melde seg på eit tilbod i turngruppa skal starte påmelding i breiddeparti. Det er kun aktive gymnastar i breiddeparti som får anledning til å melde si interesse til troppspartia.
I breiddeparti skal det vera fagleg og pedagogisk fokus på grunnleggjande turnelement, og gymnastane skal i større grad ha anledning til å ha fokus på turnleik. Trenarane på breiddeparti skal i stor grad vera dekkja av dei eldste troppsgymnastane våre, og bør ha rettleiing og støtte frå foreldre og vaksne trenarar.
Breiddeparti er fordelt slik:
| Parti | Kapasitet | Tal treningar/veke |
| 1.klasse jenter | 25 | 1 |
| 2.klasse jenter | 25 | 1 |
| 3.klasse jenter | 25 | 1 |
| 4.klasse jenter | 25 | 1 |
| 1.-2.klasse gutar | 20 | 1 |
| 3.-4.klasse gutar | 20 | 1 |
| 5.klasse gutar/jenter | 25 | 1,5 time |
| 6.-10.klasse gutar/jenter | 25 | 1,5 time |
| Total kapasitet | 190 |
Guttepartia 1. – 2. klasse og 3. – 4. klasse vert for sesongen 2026/2027 supplert med nokre jenter for å fylle dei litt meir opp då det er litt lite gutar påmeldt.